STEIDN

- ein påskekonsert med General Forsamling

Musikk-sjangeren/stilen til General Forsamling er ikkje den vanlegaste for påskerelaterte konsertar, meir i Tom Waits sin stil enn Sissel Kyrkjebø sin stil. Mange set pris på at framføringa er upolert og røff då dette kan understrekja tekstane på ein særskilt måte, ref. vedlagt liner notes frå Tønes.

Liner-notes av Tønes:

«Her e 6 sanga så høyres ud så de e lagd av General Forsamling, men det stemme ikkje.

David Olney (kvil i fred) sitt påskealbum «The Stone» e øvesett te jærsk og framføres i sin heilhed.

Utgangspunktet e de gamle fortellingane frå skrifto om det så skjidde ein påske for lenge si.

Men detta e ikkje Ten Sing eller ein ivrige predikant med kassegitar, detta e Generalen. Stemmen e liga grove så før men synge nå om ein så «snakka te fålk om kjærlighed». Rolig og monotont males tekstane fram, rørane og ekte.

Mandolin og perkusjon hjelpe te og någen blåse i ein trompet her og der. Men det e gitaren og den mørke stemmen te Generalen så drege deg inn. Ingen unødvendige triks, det trengs ikkje hellar.

Sama kæ så tynnje,

Me vett jo dæ:

Me treng’kje frykta,

Me allr’åleina æ.

Tekstane te Olney ser historien frå uvanlige vinkla, her synge eselet så bar mestaren, Barabbas så stjal og drepte, soldaten synge au, han så sko passa gravo då alt va øve.

Heller ikkje denna gångo får me veda med sikkarhed kem så fjerna steinen. Heldigvis.»

 

"Steidn" - Sporliste:

1. Jerusalem i mårå

2. Eselvrinsk

3. Forhøyr

4. Kjød å blo

5. Barabbas

6. Enn soldat sin rapport

 

Billettar kan kjøpast på Linticket: Steidn - ein påskekonsert med General Forsamling

 

Fredag 28. mars kl. 19.30 i Ålgård baptistkirke. Velkommen!

 

STEIDN STEIDN
Powered by Cornerstone